Resumen del episodio
Bryne er i form! Det blir i alle fall poeng, sjølv om kampen mot Lyn kanskje ikkje var av det mest imponerande slaget. 1–0-siger og tre nye poeng gjer at vi framleis held på den siste kvalikplassen og endå betre: Vi har fått ei lita luke ned til Hødd på plassen utanfor kvalik. Samtidig sit heile OBOS-ligaen og ventar på avgjerda i Raufoss-saka. Blir det konkurs, eller overlever klubben? Det kan forandra mykje på tabellen. Vi skal sjølvsagt også innom tippinga, der Per Tore held fram med å dra...
Bryne er i form! Det blir i alle fall poeng, sjølv om kampen mot Lyn kanskje ikkje var av det mest imponerande slaget. 1–0-siger og tre nye poeng gjer at vi framleis held på den siste kvalikplassen og endå betre: Vi har fått ei lita luke ned til Hødd på plassen utanfor kvalik. Samtidig sit heile OBOS-ligaen og ventar på avgjerda i Raufoss-saka. Blir det konkurs, eller overlever klubben? Det kan forandra mykje på tabellen. Vi skal sjølvsagt også innom tippinga, der Per Tore held fram med å dra...
Episodios
1–0 er også tre poeng
EscuchadoBryne er i form! Det blir i alle fall poeng, sjølv om kampen mot Lyn kanskje ikkje var av det mest imponerande slaget. 1–0-siger og tre nye poeng gjer at vi framleis held på den siste kvalikplassen og endå betre: Vi har fått ei lita luke ned til Hødd på plassen utanfor kvalik. Samtidig sit heile OBOS-ligaen og ventar på avgjerda i Raufoss-saka. Blir det konkurs, eller overlever klubben? Det kan forandra mykje på tabellen. Vi skal sjølvsagt også innom tippinga, der Per Tore held fram med å dra...
Kalkulatoren er henta fram
EscuchadoI dagens episode av Edder & Galle er stemninga mildt sagt god. Det skulle berre mangle! Bryne har nemleg sikra seg plass i neste runde av cupen etter ein solid 4–1 siger mot Bjarg. Og som om ikkje det var nok, så blei det full utteljing i Bergen og. Mot Åsane vart det 4–0, og vår nye superspiss hadde allereie ordna seg hattrick etter berre 40 minutt! Det blir sjølvsagt ein solid børs på gutane. I tippespalta går det derimot som det har gjort tidlegare, nemleg ikkje heilt etter planen. Ei ...
Er vi så enkle?
EscuchadoSist kamp var det skikkeleg dårleg stemning i Edder & Galle. No slår Bryne Stabæk 2–0 på heimebane, spelar underhaldande fotball, og plutseleg er stemninga og trua tilbake hos nokre av oss. Er vi verkeleg så enkle? Det får de avgjere. For Bryne leverer ein solid kamp mot Stabæk, nesten utruleg etter det vi såg borte mot Strømmen. Samstundes går fleire av dei andre resultata vår veg, og dermed er Bryne for fullt med i kampen om kvalifiseringsplassen til opprykk. Anonyme spørsmål er tilbake...
Ein tam kamp, seks tema og ein uroleg haust
EscuchadoI kveldens episode av Edder & Galle skal vi innom tre hovudpunkt. Først: Vi tek ein kjapp gjennomgang av kampen mot Strømmen. Det var ikkje all verda å hente frå den kampen, så for podkasten sin del er det eigentleg heilt greitt at vi spelar inn episoden tre dagar etter kampslutt og ikkje rett etter. Deretter: Vi køyrer ein ny versjon av «anonyme spørsmål». Denne gongen har vi samla inn det folk har lurt på den siste tida, og kokt det ned til seks sentrale tema som vi diskuterer. Til slut...
Spelarsal og store spørsmål
EscuchadoBryne er vidare i cupen etter 3–0 mot Rosseland i første runde. Den to–tre minutt lange turen mellom stadionane viser heldigvis den forskjellen som bør vere mellom laga, og Bryne er dermed vidare til neste runde. Men det har vore seld spelarar, viktige spelarar. Det fekk vi kanskje eit tydeleg svar på mot FK Haugesund. For kva har salet av desse spelarane eigentleg hatt å seie for Bryne? Tapet heime mot haugalendingane er vondt nok i seg sjølv, men endå vondare er det at Bryne faktisk ikkje s...